Om Inge Kjell Holme
Inge Kjell Holme er ein erfaren journalist, sportskommentator, politisk kommentator og utspørjar. Ein historieforteljar med over femti år bak mikrofonen og kameraet – for NRK og Discovery. Med ei rekkje naturdokumentarar for NRK radio og TV.
Han har undervist i journalistikk, mediekommunikasjon og krisekommunikasjon. Erfaringar som bidreg godt til formidlinga.
Seinare som “seniorjournalist” har han skapt heilt nytt innhald om mellom anna Slingsby og kvinner i Tindesporten. Han presenterer også nytt spennande materiale rundt Arentz forsvinning og betydninga den fekk for utøving av naturglede.
Inge Kjell har også skrive fleire tidsskriftsartiklar og er bidragsytar til boka om den unike høgdegarden Ormeli ved Jotunheimen.
Gjennom eit langt liv i norsk natur har Inge Kjell møtt menneske, myter og fjellhistorie som få andre, og han formidlar dei med ei røyst mange kjenner frå sportssendingar, radiodokumentarar, politiske analysar og TV-dokumentarar.
Holme kombinerer sterke bilde og solid fagkunnskap med erfaringar frå intervju og kommentatorrolla, i ein varm og engasjerande formidlingsstil. Resultatet er visuelle foredrag som gjev publikum både ny innsikt og ekte naturopplevingar – frå pionerane i tindesporten til dei som har kjempa og kjempar for naturvern i dag.
Ta kontakt
Planlegg du eit arrangement, ei fagkveld eller eit kulturinnslag?
Eg stiller gjerne med eit visuelt naturforedrag tilpassa publikummet ditt.
Send ei melding, så finn vi ei god løysing saman.