Personvernerklæring – Inge Kjell Holme Media

1. Om Inge Kjell Holme Media

Eigar av denne nettsida er:

Inge Kjell Holme Media
Org. nr: 985 758 786
E-post: Inge.Kjell.Holme@online.no

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold.

Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter avslutta kundeforhold vil vi kunne ta vare på data så lenge det er hensiktsmessig, til dømes for historikk dersom du skulle ha behov for det seinare.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

4. Kunderegister

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som namn, adresse, kontaktinformasjon og opplysningar om kva tenester som er leverte eller avtalt. Opplysningane blir lagra så lenge det er tenleg for oss.

Ønskjer du oversikt over kva vi har lagra, eller å bli sletta frå kunderegisteret, sjå kapittel om sletting under.

5. Informasjonskapslar (cookies)

Nettsida nyttar informasjonskapslar (cookies). Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader brukar.

Vi bruker cookies for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken og for å kunne forbetre brukaropplevinga. Du kan når som helst endre eller trekkje tilbake samtykke via cookie-banneret i nettlesaren. Vel du å avvise cookies, kan det hende at nettsida ikkje fungerer optimalt.

6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace Analytics, Google Analytics
Føremål:
Samlar inn anonymisert informasjon om korleis besøkande brukar nettsida. Informasjonen blir brukt til å lage statistikk og rapportar for å betre nettsida. Dette omfattar mellom anna tal på besøkande, kvar dei kjem frå og kva sider som blir besøkte.

Eigar: Meta, LinkedIn
Føremål:
Samlar informasjon for å kunne tilpasse marknadsføring i sosiale medium som Facebook, Instagram og LinkedIn.

7. Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida, blir informasjonen sendt til oss på e-post og eventuelt lagra i interne system for å kunne følgje opp førespurnaden din.

Vi etterstrebar å ikkje ta vare på personopplysningar lenger enn nødvendig. Førespurnader som ikkje fører til kundeforhold blir sletta.

8. E-postkommunikasjon

E-post som blir sendt til Inge.Kjell.Holme@online.no kan bli lagra så lenge det er nødvendig for å handtere førespurnader eller som ein del av eit kundeforhold.

9. Deling

Det er mogleg å dele innhald frå nettsida i sosiale medium (til dømes Facebook og LinkedIn). Vidare handsaming av data som blir delt i sosiale medium, blir regulert av avtalen du har med det aktuelle nettsamfunnet.

10. Innsyn, retting og sletting

I samsvar med personopplysningslova har du rett til innsyn i opplysningar som er registrerte om deg, samt rett til å få feilaktige eller ufullstendige opplysningar retta eller sletta.

Førespurnader om innsyn, retting eller sletting kan sendast til:
Inge.Kjell.Holme@online.no

11. Ansvarleg databehandlar

Inge Kjell Holme er ansvarleg for handsaming av personopplysningar i Inge Kjell Holme Media, og for at behandlinga skjer i tråd med gjeldande personvernregelverk.