Visuelle naturforedrag om fjell, folk og historie

Inge Kjell Holme held visuelle foredrag om pionerar, fjellhistorie og naturvern – fortalt gjennom gode bilete og femti års erfaring frå norsk natur og journalistikk.

Foredraga er interessante historiske forteljingar, men med relevans også i dag. Det er ikkje berre innan tindesporten kvinnepionerane møtte motstand og vart latterleggjorde. Heilt fram til notid har kvinner måtta ta ein kamp for å bli akseptert som likeverdige.

Og kva er likt med kampen for naturvern i 1924, då Vettisfossen vart verna, og i dag? Inge Kjell fortel om argumenta i naturverndebatten den gongen.

Foredraga passar for kulturhus, festivalar, DNT-lag, organisasjonar, museum, fagmiljø og alle som ønskjer eit engasjerande og kunnskapsrikt innslag om fjellkultur og naturarv. Det gjeld også offentlege og private verksemder.

Aktuelle foredrag

Kven passar foredraga for?

Foredraga høver godt for arrangørar som ynskjer spennande visuelle forteljingar om fjell, natur og historie – formidla med erfaring og fagleg tyngde. Innhaldet har relevans også i notid.

Dei eignar seg både for små og store scener, og kan tilpassast målgruppa.

Særleg aktuelt for:

  • DNT/ turlag

  • Tindesportmiljø

  • Miljø som arbeider for likestilling

  • Kulturhus og festivalar

  • Museum og kulturinstitusjonar

  • Lag og seniorforeiningar

  • Vitskaplege miljø, skular og høgskular

  • Offentlege og private verksemder

  • Ulike fora med fokus / ansvar for likestilling

Kva andre seier om foredraget

«Inge Kjell har gått djupt og grundig til verks i det som er starten på den alpine æraen i Norge, og med sin eigen vri gjer han det enda meir interessant ved å trekke fram “gløymde” men sentrale damer i historien. Ei særs viktig oppgåve. Han formidlar emne på ein framifrå måte, og gjer det levande med livlige skildringar og gode personbeskrivelsar. Vel verdt å høyre på.»
— Sigurd Nordeide Felde, Tindevegleiar
«Inge Kjell er ein dyktig formidlar. Historia om kampen for kvinnene i Tindesporten
er viktig og spanande!»
— Ingrid Syse, leiar Senioruniversitet i Sogndal
«Engasjert og kunnskapsrikt om historier knytta til dei unike naturområda våre»
— Magnar Bjørk, dagleg leiar nasjonalparksenteret for Vest-Jotunheimen
«God og spennande formidling av historia til Fredrik Arentz og betydninga forsvinninga hans fekk for DNT-hyttene. Flott naturformidling med bilete og video»
— Inger Øydis Storebø, Leiar DNT/Os Turlag
Gro Nestande, naturinteressert publikumar. Foto.
Gro Nestande, naturinteressert publikumar. Foto.
«Foredraget om pionerane i tindesporten i Norge er vel verdt å få med seg! Her er det mykje spennande historie, ikkje minst om dei banebrytande kvinnene i klatresporten. Inge Kjell er ein dyktig og kunnskapsrik formidlar som greier å skape interesse for temaet for ein vidare krets utover fjellklatrarmiljøet. Det gjer han ved å knytte trådar til fleire ulike emne og aktuelle hendingar, og han viser korleis temaet har relevans i vår tid, bl.a. ved å trekke inn kvinners kamp for å få delta, både i idretten og på andre område. Dette ligg det mykje research bak!»
— Gro Nestande, Naturinteressert publikumar

Turtagrø Hotell og Vetti Turiststasjon er og var viktige for brukarane av fjellet. Begge er viktige i føredraga til Inge Kjell.