Visuelle

naturforedrag

Foredrag frå fjellheimen

Gjennom bilete, film og levande forteljingar gir Inge Kjell Holme publikum eit nært møte med fjellpionerar, naturvern og gløymde historier frå norsk fjellkultur. Foredraga er både kunnskapsrike og stemningsfulle – skapte for å engasjere og inspirere.

Heltane i mine naturreiser

Eit engasjerande foredrag som tek deg med inn i den myteomspunne historia om fjellvandraren Fredrik Arentz – og dei naturvernarane og pionerane, ikkje minst kvinner, som sette varige spor i fjellheimen.

Les meir om foredraget

Tindesportens far i Norge – Slingsby og dei historiske klatrekvinnene

William Cecil Slingsby er kjend som tindesportens far i Norge.

Mindre påakta er rolla hans som støttespelar for dei første kvinnene som ville klatra i Norge og i Alpane.

Les meir om foredraget

Inge Kjell Holme har gjennom eit langt journalistliv samla historier om pionerar, naturvern og dei som utfordra fjella før oss. Med foto, film og ei moden forteljarstemme løftar han fram både det kjende og det gløymde.


Foredraga hans er visuelle reiser inn i norsk natur- og fjellhistorie.

Ein røynd formidlar

Konktakt Inge Kjell

Foto: Sigurd Nordeide-Felde

Cecile Skog på toppen av Store Skagastølstind

Dei historiske klatrekvinnene møtte ein annan motstand då dei starta med tindesport.