Arentz’ forsvinning – Tragedien som skapte turglede
Fredrik Arentz som hjelpar for Edvard Munch
Den eksepsjonelle fjellvandraren Fredrik Arentz er tema i eit spennande foredrag med Inge Kjell Holme.
Den legendariske Kristiania-legen, fødd i Bergen, forsvann sporlaust i Jotunheimen i 1914. Det generøse minnefondet Arentz' legat, som seinare vart oppretta av sonen Erik, fekk stor betydning for utviklinga av dei sjølvbetjente hyttene til DNT. I 2026 er det 70 år sidan den første hytta, Arentzbu, vart opna i Breheimen.
Bergenskfødde Fredrik fekk oppleva meistring og naturglede tidleg. Alt som ungdom gjekk han den første større turen, saman med faren. Bestigning av Hårteigen på Hardangervidda var ingen liten tur.
Frilansjournalist Inge Kjell Holme fortel den unike historia om Fredrik Arentz. Kva skjedde med han? Korleis kan tilfeldigheiter ha ført til opprettinga av fondet? Holme presenterer også nytt materiale om koblinga mellom Arentz og Edvard Munch. Kva betydning kan relasjonen til vår mest kjende kunstnar ha hatt for opprettinga av Arentz' legat? Og korleis var Arentz ein viktig hjelpar for den unge Munch?
Foredraget handlar også om kjærleik, respekt og naturvern. Dessutan den spesielle relasjonen Arentz hadde til kvinnepioneren Therese Bertheau. Arentz var sjølv ein ivrig tindebestigar og brevandrar, og dei lange turane hans åleine i fjellet vart legendariske.
Det rikt illustrerte foredraget har fått svært god respons gjennom gjesteførelesingar ved Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Oslo, DNT Fjellsport i Oslo og fleire andre DNT-foreiningar. Det har også vore presentert ved Bryggens Museum i Bergen, Norsk Reiselivsmuseum og ei rekkje seniorforeiningar og senioruniversitet.
Inge Kjell Holme har over 50 år bak seg som journalist, primært i NRK. Han har tidlegare laga TV-dokumentaren “Arentz' forsvinning” for NRK Natur. Holme har også produsert ei rekkje andre naturdokumentarar for NRK TV og radio.
Foto: Fredrik Arentz og den unge Edvard Munch. Dessutan Munch-måleriet “Stormen” frå 1893, som i dag heng på Museum of Modern Art i New York.
Kva dette berømte kunstverket har med Fredrik Arentz å gjere, er eitt av spørsmåla Inge Kjell Holme gir svar på i foredraget.