Heltane i mine naturreiser – pionerar i kampen for naturvern og naturglede
Den myteomspunne fjellvandraren Fredrik Arentz er hovudpersonen i foredraget «Heltane i mine naturreiser». Tema er naturglede og naturvern.
Det er 112 år sidan fjellegenda Arentz, som av Fri Flyt vart kåra til ein av verstingane i norsk fjellhistorie, forsvann i Jotunheimen. Paradoksalt nok fekk forsvinninga hans stor positiv betydning for DNT. Inge Kjell presenterer nytt spennande materiale rundt forsvinninga.
Foredraget handlar også om kjærleik og respekt.
I foredraget presenterer Holme dessuten naturvernaktivistar som har vore viktige i fleire av områda der Arentz gjekk dei lange turane. Ein av dei er Ørnulf Hodne som stod for ein av dei viktigaste kampane mot inngrep i unik norsk natur.Kampen til Hodne fekk stor betydning for område som i dag står på topplista over europeiske vandreruter.