Vettisfossen – det første fossevernet i Noreg
Kampen for å få verna natur i Noreg hadde pågått nokre 10-år før Vettisfossen vart verna i 1924.
Vernet vart ei viktig symbolsak for det nokså nydanna Naturvernforbundet. I foredraget fortel Inge Kjell om den spesielle kronerullinga for vernet. Dessuten dei første litterære skildringane av det som no er det høgste uregulerte fossefallet i Nord-Europa.
Han dreg også linjer frå innhaldet naturverndebatten for godt over 100 år sidan og til i dag.
Mange har hatt store naturopplevingar ved fossen. Turiststasjonen på Vetti og tradisjonane knytta til den har ei viktig rolle i foredraget.