Tindesportens far på Jostedalsbreen
Foto: Jostein Aasen (t.v) og Cyril Todd.
Tindesportens far i Noreg, William Cecil Slingsby, var ikkje berre ihuga erobrar av fjelltoppar i nord og sør av landet, men også ein flittig vandrar på Jostedalsbreen.
Det ga han både stor naturglede og vanskelege utfordringar. « There is nothing like this in the Alps ». Dei entusiastiske skildringane frå den største isbreen på fastlandet I Nord-Europa er talrike i « Norway The Northern Playground», som ha ga ut i 1903.
Han skreiv manual for trygg brevandring for DNT og tok med sine eigne born på breekspedisjon.
Mest kjend er han for “duellen” med bergensaren Kristian Bing om å bli først på den uoppdaga Austerdalsbreen. Slingsby skildrar også vandringa over Høgste Breakulen med kjensler og entusiasme. Denne viktigaste turen hadde han med Johannes Vigdal.
Inge Kjell formidlar dei unike opplevingane til Slingsby på Jostedalsbreen i eit eige foredrag. Mannen frå Yorkshire vart etterkvart lommekjend på alle sider av Jostedalsbreen, i Sogn, Nordfjord og Sunnfjord.
Det visuelle foredraget er også presentert på Norsk Bremuseum i Fjærland og Klimasenteret på Universitetet i Oslo.
Foredraget gir også gode visuelle illustrasjonar på den enorme tilbakegangen Jostedalsbreen og breane er gjennom frå tidleg 1900 til i dag.