Tindesportens far i Noreg – Slingsby og dei historiske klatrekvinnene

William Cecil Slingsby er kjend som tindesportens far i Norge. Førsteerobringa av Store Skagastølstind i 1876 markerer staren på tindesporten i Norge.

Mindre påakta er rolla hans som støttespelar for dei første kvinnene som ville klatra i Norge og i Alpane.

Blant kvinnepionerane Slingsby hadde ein nær relasjon til var Margaret Sophia Green, Therese Bertheau, Nikka Vonen, Elisabeth Le Blond og ikkje minst hans eiga dotter Eleanor, som var første President i Pinaccle Club.

I dette foredraget løftar han fram sterke kvinneportrett, banebrytande turar og ei pionertid prega av motstand mot deltakinga til kvinner i Tindesporten. Det handlar også om kjærleik.

Foredraget er bygd opp med historiske foto, noko film og andre visuelle verkemiddel.

Inge Kjell dreg også linjene til notid der kvinner har møtt motstand mot deltaking i sport/idrett. Dessuten andre område i samfunnslivet frå 1870-talet og framover, der kvinner måtte kjempa for å delta.

Foredraget har ekstra aktualitet i 2026. Då blir 150-årsjubileet for Tindesporten i Norge markert.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Heltane i mine naturreiser – pionerar i kampen for naturvern og naturglede

Neste
Neste

Tindesportens far på Jostedalsbreen